Oppfølging samling 1

Heisann alle. Håpar de fekk nok ut av tirsdagen til å begynne å lage noko sjølv. Eg tenkte eg skulle gje dykk nokre peirarar til ressursar som kan hjelpe dykk vidare dersom de står litt fast.

Techsmith Relay

Relay er ei veldig enkel teneste som gjer heile jobben med å lage screencasts med, og vi har tilgang til denne gjennom Uninett sin avtale for UH-sektoren. Men, som de sikkert har merka, er det likevel nokre ting ved tenesta som ikkje er heilt «rett fram». Det er til dømes litt vanskeleg å bli vant med tanken om at kontoen ein opprettar for Techsmith Relay ikkje er den kontoen vi brukar ved andre UiB-system. Likevel brukar du UiB-kontoen for å administrer videoane dine. Eg skal prøve å klargjere dette litt:

  1. Feide/UiB-kontoen:
    1. Denne kontoen brukar du til å opprette Techsmith Relay-kontoen.
    2. Du brukar den også til å logge deg på support.ecampus.no, slik at du kan få tilgang til «Min Relay«
  2. Techsmith Relay-kontoen:
    1. Denne kontoen brukar du når du skal laste ned programvara, og logge deg på i programvara.
    2. Du brukar den også for å logge deg på sjølve Techsmith Relay-tenesta, til dømes inne i applikasjonen.

Om du skulle sette deg fast, har DigUiB ei infoside om tenesta her.  Dersom du ikkje har fått installert programvara endå, er dette staden å begynne.

Windows Live  Movie Maker

Dette er eit verktøy som høyrer gratis med Windows, og kan installerast på UiB sine maskiner ved å kontakte BRITA. Som Techsmith er det ikkje verdas med avanserte verktøy for videoredigering, men det er veldig lett tilgjengeleg og har ein veldig lav brukarterskel. Sjå gjerne denne videoen om du treng ein liten dytt for å kome igang:

Apple iMovie

Apple iMovie er eit vektøy som har dei same funksjonane som Windows Movie Maker, og litt meir. Denne følger også med Mac-maskiner som standard. Dersom du treng litt starthjelp til iMovie, kan du sjå litt på denne videoen:

 

Vimeo

Det finst mange tenester som distribuerar og spelar av video på nettet. Alle kjenner Youtube, men i dette kurset vil vi anbefale å bruke vimeo. Det er fleire grunnar til dette:

  1. Du får 500MB gratis lagringsplass per veke
  2. Du kan legge passord på videoane utan å kreve at dei som skal sjå er logga inn med sin eigen konto.
  3. Du har relativ god kontroll over rettigheitene.
  4. Det er reklamefritt

Dersom du har lyst å kikke litt på dette, kan du sjekke denne hjelpesida.

Utstyr

Vi hadde noko utstyr med oss, her er ei liste over noko av dette:

Lenkjer

Heilt til slutt tenke eg at eg skulle lenge til ein artikkel som fortel litt om Njål frå den eine videoen vi såg og om hans erfaring med flipped learning.

Dersom de lurer på noko knytt til noko av dette, berre kommenter i kommentarfeltet.

 

One Reply to “Oppfølging samling 1”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*