Konvertere videofiler i Windows

Vi har fått vite at ikkje alle har greidd å opne filene frå Techsmith Relay i Windows Movie Maker. Dette kan skje om ein brukar ein gamal versjon av Movie Maker. Når ein jobbar med video hender det ofte at nokre format ikkje er kompatible med verktøya ein ynskjer å bruke. Då er det greitt å kunnne konvertere videofilene det eit format som virkar.

Eg har laga ein liten video som forklarar korleis ein kan konvertere filer frå Techsmith Relay med .mp4-format til .avi-format som er støtta av eldre versjonar av Windows Movie Maker.

Programmet eg brukar heiter Format Factory og kan konvertere til/frå veldig mange videoformat. Du kan bestille det i Brita, eller laste det ned her.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*