Legge inn kamera i Techsmith Relay

Vi kjenner jo alle til at Relay kan ta opp kamera, men med Relay sin innebygde kamerafunksjon kan du ikkje fjerne kameraet frå opptaket undervegs. Dette kan vi likevel få til med nokre ekstra verktøy.

Eg har laga ein video som viser korleis eg har gjort det. I videoen har eg brukt programmet Yawcam som du kan bestille hjå Brita dersom du har UiB klientdrifta Windowsmaskin.

«Nettspeil»

Nettspeilet er ei lita nettside som viser kameraet ditt i eit eige og ryddig vindu. Dette fungerar med «moderne» nettlesarar som Firefox, Chrome og Opera, men fungerar ikkje i Safari eller Internet Explorer.

Windows:

1. Yawcam, bestillast i Brita.

2. Webcam Viewer, kan lastast ned her. Dette kan du starte utan å installere.

Mac:

1. Dersom du brukar Mac kan du bruke Quicktime Player. Start programmet, velg «New movie recording» (eventuelt «New camera recording») ved å høgreklikke på Quicktime Player-ikonet. Då vil du sjå kameraet ditt, endre størrelse på biletet og plassere der der du vil.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*